Slik er det nye testregimet for elevane

Handtering av smitteutbrot har sett sitt preg på starten av dette skoleåret. No er det blitt meir tydeleg både frå regjering og kommune kva type testregime vi skal vere ein del av framover.

Skriv ut

Kort fortalt er det dette som gjeld:

  • Ingen med symptom og/eller positiv test møter på skolen. 
  • Testing kan ikkje erstatte smittekarantene for nære nærkontaktar til den smitta. 
  • Nære nærkontaktar, som ikkje har unntak frå karantenereglane, blir sett i ordinær karantene av kommuneoverlegen, ved smittesporingsteamet. Karantenen gjeld i 10 dagar, og ein kan teste seg ut med negativ PCR-test etter 7 dagar.
  • Øvrige nærkontaktar (t.d. andre elevar i klassen), som ikkje har unntak frå karantenereglane, kan i staden for å bli sett i karantene delta i eit hurtigtestregime.
  • Dersom testing i samsvar med retningslinjer ikkje blir gjort må vanleg smittekarantene gjennomførast.
  • Antigen hurtigtest er tilrådd testmetode når test blir nytta i staden for karantene. 
  • Der ein bruker sjølvtestar må føresette bli informert og bli gitt høve til å reservere seg mot at barna blir testa. 
  • Testing kan skje på tre måtar og stadar, og alle tre har vore brukt for elevar hos oss: På teststasjon, sjølvtesting eller testing på skolen. Sjølvtesting er no prioritert.
  • I nokre høve kan det framleis hende at heile klassar blir sett i karantene, etter ulike vurderingar.

Satsing på sjølvtesting

Etter ein periode med noko utprøving av hurtigtesting på skolen har kommuneoverlegen i Ålesund i dialog med skolen no tilrådd ei satsing på sjølvtesting heime. 

I vekedagane kan elevar og/eller føresette i klassar med smitte hente hurtigtestar i resepsjonen ved den aktuelle lokaliteten, det vere seg Latinskolen, Volsdalsberga eller Fagerlia. Kvar elev får tre sett med hurtigtestar med seg. Her ligg også brukarrettleiing.

Elevane vil få melding når/dersom dei skal hente testutstyr.

Testing etter eksponering

Denne modellen er prioritert ved Fagerlia-Ålesund vgs.

Ved kjent eksponeringstidspunkt er det tilrådd testing etter 3 og 5 dagar.  

Ved ukjent eksponeringstidspunkt eller eksponering over tid er det tilrådd å ta første test så raskt som mogleg (dag 1), med ytterlegare to testar med 48 timars mellomrom (dag 3 og 5). 

Elevar som er testa bør bli oppmoda til å halde avstand til kvarandre inntil første test er negativ. 

Jamleg massetesting 

Ved store utbrot og uoversiktlege situasjonar, kan ein periode med jamleg massetesting nyttast. Det er i tilfellet kommuneoverlegen som set i verk dette tiltaket.

Testing av alle elevar 1–2 gongar i veka er tilrådd. Ein kan avslutte testinga dersom alle testar negativt i 2 rundar.

Heimeundervisning

For elevar som er i karantene, enkeltelevar eller heile klassar, legg vi så godt som mogleg til rette for heimeundervisning.

Meir info

Denne artikkelen er basert på oppdaterte tilrådingar frå Helsedirektoratet og frå kommuneoverlegen i Ålesund.

Du finn meir korona-relevant info her på skolens heimeside.

Slik tar du hurtigtesten.

 

Kontakt