Raudt nivå

Dei vidaregåande skolane er på raudt nivå frå og med torsdag 16.12 og i første omgang gjeldande i fire veker.  

Skriv ut

For perioden fram til juleferien betyr dette for Ålesund vgs: 

  • Digital skole som hovudprinsipp fom. torsdag 16.12, etter ordinær timeplan. 
  • Nærmare vurderingar rundt yrkesfag/praktiske fag. (Meldingar blir gitt avdelingsvis til dei det gjeld.)
  • Praksis i bedrift går som normalt inntil eventuelt annan beskjed blir gitt av bedrifta. 
  • ITO har fysisk oppmøte (unntatt 13+).  
  • Planlagde vurderingssituasjonar og fagsamtalar kan gjennomførast ved fysisk oppmøte på skolen, ved tilpassingar for å ivareta avstandskravet. 
  • Kantiner og bibliotek er stengde frå torsdag av. 
  • Ingen ordinær undervisning siste skoledag (tysdag), med unntak for ITO. Det blir i staden digital avslutning ved kontaktlærar mellom kl. 10.00 og 11.30 etter nærmare avtale mellom k-lærar og elevgruppe.  

For perioden med raudt nivå over nyttår gjeld dette for Ålesund vgs: 

  • Oppdatert lokal beredskapsplan for raudt nivå blir vedtatt i beredskapsgruppemøte 14.12. 
  • Det blir utarbeidd planar per lokalitet og utdanningsprogram for alternerande oppmøte etter nasjonal forskrift og lokal beredskapsplan for raudt nivå. 

Kontakt