Lokal venteliste for skoleplass

Gløymte du å søkje skoleplass i hovudopptaket? Eller angrar du på at du ikkje søkte på ei spesifikk linje her hjå oss? Her finn du informasjon om korleis du går fram.

Skriv ut

For å stå på venteliste hjå oss må du fylle ut informasjon om både val av utdanningsprogram, fullførte fag og kva skole du har gått på før. Du finn skjemaet for utfylling under. Det er også viktig at du lastar opp karakterar/resultat via den eksterne lenkja som ligg i skjema. Alle personopplysningar blir behandla etter personopplysningslova og vert sletta etter at vi har behandla søknaden din. 

Vi vil kunne ta inn elevar frå den lokale ventelista etter skolestart og hovudopptak i august.