Konsert saman med The Brazz Brothers

I løpet av dei siste to dagane har musikklinja på Ålesund VGS fått vere med på workshop og konsert med det verdskjende bandet The Brazz Brothers, som for tida er på turné. Vi har fått eit innblikk i øvingsprosessen før ein slik konsert, og vi har fått oppleve korleis det er å stå på scena saman med proffe musikarar. 

Skriv ut

Av Astrid Vidhammer, elev på musikk Vg2 

Konserten saman med The Brazz Brothers var på den store scena på Parken kulturhus, ei scene vi elevane allereie er godt kjende med.

Fulle av forventingar

Dagen før konserten møtte vi opp stappfulle av forventningar. For blåsarane var dette ekstra spanande, fordi vi rett og slett skulle få spele saman med førebileta våre. Sjølv fekk eg oppfølging på eige instrument frå Helge Førde, som er trombonisten i bandet og eit av mine store førebilete. 

Fv. Astrid Vidhammer, Helge Førde, Helene Velle Ødegård og Stein Erik Tafjord. (Foto: Privat)

På konsertdagen møtte vi opp ei stund før konserten. Vi fekk varme opp bak scena saman med bandet, berre det i seg sjølv var veldig stas for oss.

Veldig bra stemning

Under konserten satt vi på fremste rad. Vi klappa og jubla, og eg mistenkjer at jubelen var på det sterkaste under soloane til vår eigen musikklærar, Kåre Nymark Jr.

Heilt mot slutten av konserten blei vi invitert opp på scena. Vi spelte det vi hadde øvd på dagen før, og då vi fekk jubel og applaus frå medelevane våre spelte vi delar av songen igjen.

Trygge på scena

Det som overraska meg aller mest då eg stod på scena var den sterke kjensla av tryggleik eg hadde. Etter pandemien er det mange av musikkelevane som kjenner på at dei manglar erfaring med å spele framfor eit publikum, og difor kan nervane ta over når ein skal framføre. Men tryggleiken som bandet har på kvarandre smitta fort over på oss, og resultatet blei at vi alle spelte kvarandre betre. 

Stor inspirasjon

Er det noko eg tek med meg vidare frå denne opplevinga, så er det at det aller viktigaste under den musikalske opplæringa er å få moglegheita til å spele saman med utøvarar som er flinkare en deg. Eg har aldri sett ein meir inspirert gjeng en klassa mi etter konserten, og eg er sikker på at desse to dagane har gjort oss alle til betre musikarar. 

Back stage på Parken kulturhus, fv. Emilie Tandstad Harstad og Frida Pedersen. (Foto: Privat)
Back stage på Parken kulturhus, fv. Emilie Tandstad Harstad og Frida Pedersen. (Foto: Privat)

Kontakt