Hybeltreff onsdag 28. september

Går du hos oss, og bur på hybel? Meld deg på hybeltreff onsdag 28. september klokka 15.30, og finn ut meir av kva Ålesund har å by på!

Skriv ut

Vi har invitert Rebellhuset, Fellesverket Dragen, Røde kors og Ung i Ålesund til å kome og fortelje meir om kva tilbod dei har til ungdom her i Ålesund.

I tillegg til å arrangere speed friending, serverer vi deilig pizza og drikke. Hybeltreffet er eit tilbod for alle elevane våre, uansett kva lokasjon du går på.

Meld deg på i skjemaet som er lenkja nederst, påmelding innan tysdag 27. september klokka 12.00.