Gult nivå og hurtigtesting

Skolane i Ålesund er på gult nivå frå og med måndag 30. august. Dette for å hindre smittespreiing og gjere arbeidet med testing og smittesporing overkomeleg, skriv kommuneoverlege Olav Mestad. Tiltaket gjeld til 10. september.

Skriv ut

I korte trekk betyr gult nivå som følgjer:

  • Ingen sjuke møter på skolen
  • God handhygiene
  • Unngå fysisk kontakt mellom personar (handhelsing og klemming)
  • Heile skoleklassar/grupper kan ha undervisning saman
  • Elevane bør ha faste plassar i klasserommet eller faste samarbeidspartnarar/-grupper
  • Tilsette kan veksle mellom klassar, men bør halde avstand til elevar så langt det er mogleg
  • Utanfor klasserommet er elevar og tilsette oppmoda til å halde 1 meters avstand i alle situasjonar
  • Unngå trengsel og store samlingar
  • Kantiner og bibliotek er opne, men er ikkje opne for opphald

Smittesituasjonen

Det er per no smitteutbrot både på Fagerlia, Volsdalsberga og Latinskolen. Konteksten og dei smittevernfaglege vurderingane er noko ulike frå lokalitet til lokalitet. Alle direkte involverte, som kontaktlærarar, elevar og føresette er orienterte. Rektor ber føresette om å ha låg terskel for å kontakte skolen med eventuelle spørsmål.

Nytt testregime

Ålesund kommune har tatt i bruk det nye nasjonale testregimet ved Fagerlia-Ålesund vgs, der hurtigtesting i nokre høve skal kunne erstatte smittekarantene. https://www.helsedirektoratet.no/veiledere/koronavirus/testing-isolasjon-smittesporing-og-karantene/testing/testing-erstatte-smittekarantene-barn-og-unge

Hurtigtestinga på vekedagar skjer på skolen, og blir utført av helsepersonell ved første testrunde. Vidare testing skjer dag 3 og 5. 

Dersom ein ikkje møter til testinga må ein i ordinær smittekarantene. Elevar som har symptom eller har testa positivt møter ikkje på skolen. Dei som er definerte som nærkontaktar av smittesporingsteamet og er sett i karantene, møter ikkje på skolen før dei er testa ut av covid-19. Elevane har fått tydeleg melding om dette.

Hurtigtestregimet er til for at færre skal måtte gå i karantene, slik at vi kan få meir normalitet. Samtidig veit vi at dagen for å opne opp landet nærmar seg etter kvart som stadig fleire er vaksinerte.