Grønt nivå også på vgs

Frå og med torsdag 20. januar er endeleg skolane i Ålesund på grønt nivå. Ein ny trafikklysmodell gir rom for ulike nivå på ulike skolar etter vurderingar rundt smittesituasjonen.

Skriv ut

Etter at regjeringa 13.1 innførte grønt nivå på vidaregåande skole svarte Ålesund kommune først med å gå frå raudt til gult. Frå og med 20.1 er vi endeleg på grønt.

Ny trafikklysmodell

Ålesund kommune har utvikla ein ny trafikklysmodell. Denne inneber at skolar kan hamne på ulike nivå utifrå smittesituasjonen ved den enkelte skole. Heving eller senking av nivå skal alltid skje i samråd med kommuneoverlegen.

Dette betyr grønt nivå

Grønt nivå betyr at vi kan drive etter ordinær timeplan med alle elevane til stades, med desse merknadene:

  • Ingen sjuke skal møte på skolen.
  • God hygiene og normalt reinhald.
  • Unngå handhelsing og klemming.
  • Vanleg organisering av skolekvardagen.

Tiltak for tilsette for å redusere smitte

Vi står uansett framfor ein smittetopp og vi kan få høgare sjukefråvær, med dei utfordringar det gir for undervisning. Erfaringar knytta til omikron er at det gir mykje smitte på samme plass til samme tid. For å unngå at mange tilsette blir smitta blir smitta samtidig har Ålesund vgs desse tiltaka:

  • Bruk heimekontor når du kan.
  • Lærarar har alltid 14-dagarsplanar klare i It's Learning, slik at det er lettare for andre å ta over.
  • Vi gjennomfører ulike samarbeidsmøte på Teams så langt det er mogleg og tenleg.