Giskespelet med mange elevar og lærarar involvert
Det tradisjonsrike Giskespelet var ein fryd å oppleve i år. Det er også stor stas med dei mange og viktige bidraga frå elevar og lærarar ved Ålesund vgs, både på og utanfor scenen.
Sidan starten av 1990-talet har Giskespelet blitt arrangert. Fortellinga om Arnungane på Giske er skrive av forfattaren Johannes Heggland, og spelet blir framført av lokale barn og vaksne i samarbeid med profesjonelle i hovudrollene.
Mange frå Ålesund vgs
Eldrid Schrøder Kvalvik, lærar på dramalinja ved Ålesund vgs, har bearbeidd teksten og er regissør for Giskespelet i år som i 2019. Einar Didriksen, lærar på dans, har koreografien.
Elevane på dans Vg1 og danselærar Olivia Dahl Lade var med å løfte forestillinga, og blant skolespelarane fann vi fleire av elevane på dramalinja. Presten i fortellinga er spela av dramalærar Remi Slotterøy. Fantastisk bra levert av alle saman!
Kong Olav Haraldsson er spela av Ole Christoffer Ertvaag; Ellen Dorrit Petersen spelar Ragnhild Erlingsdotter; og i rolla som Torberg Arnesson finn vi Tom Larsen. Det er flott å erfare dette samspelet mellom erfarne skodespelarar og amatørar, ikkje minst alle dei flinke barne. Heile lokalsamfunnet på Giske er involvert i spelet. Takk for den flotte opplevinga!