Elevar vidare i Kjemiolympiaden

Andreas Tomren Strandmann og Jakob Gilbert Sewerin frå Ålesund vgs er vidare til 2. runde i Kjemiolympiaden. Vi gratulerer så mykje, og ønskar lykke til når 2. runde skal gjennomførast torsdag 2. februar 2023. 

Skriv ut

Kjemi-OL blir arrangert av Norsk Kjemisk Selskap, og det har vore norske deltakarar med i konkurransen sidan 1982. Oppgåvene i dei innleiande rundene blir løyst rundt om kring på dei vidaregåande skulane som deltek. Sommaren 2023 får elevane som har kome vidare vere med på treningsleir før den nordiske finalen blir arrangert i København i juli. Den internasjonale finalen går av stabelen 16. - 25. juli i Sveits. 

Snarvegar