Elevar til topps i Chinese Bridge
Laurdag 7. mai blei Chinese Brigde arrangert for 15. gong, og Ålesund vgs hadde heile 11 elever som deltok i finalen. Resultata vart publisert no i helga, og elevane våre har verkeleg utmerka seg i konkurransen.
Chinese Bridge er ein internasjonal konkurranse i kinesisk for elevar i vidaregåande skule og studentar, arrangert av The Center for Language Education and Cooperation i Bejing. Verten for konkurransen i Noreg er ambassaden for Folkerepublikken Kina, men sjølve gjennomføringa vart i år gjort via Zoom. Vinnaren av konkurransen vil seinare i år bli invitert til å delta i den internasjonale konkurransen i Kina.
Av dei elleve elevane våre som deltok i finalen var det særskilt tre som gjorde seg synlege, dei fylte nemleg pallen! Joakim Larsen Gjørtz kom på tredjeplass, Johannes Vik Eliassen på andreplass, og Aurora Rotnes Skjeret fikk den gjeve førsteplassen. No har alle dei elleve finale-elevane blitt invitert til å vere med på prisutdeling i Oslo 28. mai.
Vi gratulerer så mykje til alle tre, og til lærar Tong Wang Vollen.