Dei tre elevrådsstyra er klare
Ålesund vgs har tre elevråd, eitt ved kvar lokalitet. No er det klart kven som sit i styra, og kven som er elevrådsleiarar.
Det starta med at alle dei rundt 70 tillitsvalde elevane ved skolens tre lokalitetar var samla til elevrådsseminar på Color Line Stadion 6. september. I etterkant har det blitt gjennomført val av elevrådsstyre både ved Latinskolen, Fagerlia og Volsdalsberga.
I tillegg til eit elevrådsstyre per lokalitet, har dei tre leiarane og nestleiarane gått saman til eit hovudstyre for elevråda ved skolen.
Hovudstyret (f.v.): Marie M Valderhaug, Elias Lind, Muhammed Ibrahim, Lisa F Lorentzen og Petter Skar. (Tobias Valderhaug var ikkje til stades.)
Elevrådsstyret Fagerlia:
- Muhammed Ibrahim (leiar)
- Lisa Ferkingstad Lorentzen (nestleiar)
- Tale Giskeødegård Isaksen
- Thea Maria Walstad
- Maciej Kaniecki
- Emma Brørs Valle
Elevrådsstyret Volsdalsberga:
- Petter Skar (leiar)
- Elias Lind (nestleiar)
- Inga Marie Lervåg Aaseli
- Jenny Kristin Tvergrov
- Angelica Iselin Kjølås Gården
Elevrådsstyret Latinskolen:
- Marie Myhre Valderhaug (leiar)
- Tobias Valderhaug (nestleiar)
- Patrycja Manowska
- Viktoria Ulveraker
- Sandra Fjørtoft