Invitasjon til kontaktmøte

Vi har med dette gleda av å kalle føresette og elev på Vg1 og Vg2 inn til møte med kontaktlærar. Innhaldet i samtalen går fram av Forskrift til opplæringslova nedanfor.

Dersom du allereie har avtalt kontaktmøte med kontaktlærar kan du sjå bort frå denne invitasjonen.

Ta kontakt med kontaktlærar

For føresette og elevar på Fagerlia er det sett av tid til kontaktmøte på Vg1 den 23.11 og Vg2 den 24.11. Det er også mogleg å velje andre dagar om det passar betre for nokre av partane.

For føresette og elevar på Latinskolen og Volsdalsberga er det ikkje sett av bestemte dagar, men tidspunkt blir avtalt dykk i mellom.

Nedanfor finn du kontaktinformasjon til kontaktlærarane, og vi ber dykk om å ta kontakt på telefon eller e-post for å avtale tidspunkt.

Koronatilpassing av samtalen

På grunn av Covid-19 er det høve til å gjennomføre møtet som videomøte på Teams, eller på telefon, i staden for fysisk oppmøte. Vi foreslår i tilfellet at samtalen skjer via eleven sin konto på Teams.

Vår generelle tilråding er likevel at kontaktmøtet blir gjennomført fysisk, så lenge dette er i tråd med gjeldande retningslinjer.

Per i dag, 11.11.21 er skolane i Ålesund på grønt nivå. Det betyr:

  • Vanleg organisering av skolekvardagen
  • Unngå handhelsing og klemming
  • God hand- og hostehygiene
  • Halde seg heime ved nyoppståtte symptom og sjukdom, og låg terskel for å teste seg

Forskrift til opplæringslova § 20-4:

«Foreldra til ikkje myndige elevar på Vg1 og Vg2 har første halvår av opplæringsåret rett til minst ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren om korleis eleven arbeider dagleg og eleven sin kompetanse i faga. I tillegg skal kontaktlæraren samtale med foreldra om den sosiale utviklinga og anna utvikling hos eleven. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skolen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven. Eleven har rett til å vere med i samtalen med foreldra. Samtalen kan sjåast i samanheng med samtalen med eleven etter forskrifta § 3-7.»

§ 3-7 Samtale om utvikling:

Elevar, lærlingar, lærekandidatar og praksisbrevkandidatar har minst ein gong kvart halvår rett til ein samtale om deira utvikling i faga. Den kan gjennomførast i samband med samtalen med foreldra etter § 20-3 og § 20-4.

Velkommen til ein fin og viktig samtale om elevens læring og utvikling!

Dokumenter

Kontakt