Tilrettelagt opplæring

Tilrettelagt opplæring (TO) er eit tilbod for elevar med særlege behov for tilrettelegging. Målet er personleg utvikling, livsmeistring og ferdigheiter for vaksenlivet.

Individuell tilrettelegging

Kvar enkelt elev har sin individuelle opplæringsplan (IOP) med eigne mål, både fagleg og sosialt. Tilrettelagt opplæring inneber gjennomgåande individuell tilrettelagt opplæring.

Elev og lærar ved tilpassa opplæring - Klikk for stort bilete

Mindre elevgrupper

Gruppestorleiken varierer ut frå elevsamansetning og behov. I avdelinga har vi spesialpedagogar, miljørettleiarar med treårig høgskuleutdanning og fagarbeidarar innan barne- og ungdomsarbeidarfag eller helsearbeidarfag.

Inkludering og meistring

Alle elevar skal erfare å vere inkludert og høyre til faglege og sosiale fellesskap. Vi har stort fokus på meistring og relasjonsarbeid inn mot eleven.

Godt Laget

Avdelinga har ei eiga ungdomsbedrift, Godt Laget, som arrangerer julemarknad og har eigen nettbutikk. Elevane får delta i ulike aktivitetar for å prøve ut arbeidsevne og interesse gjennom bedrifta med tanke på arbeid etter vidaregåande opplæring.

Du finn ungdomsbedrifta Godt Laget på sosiale medium:

Facebook Godt Laget

Instragram Godt Laget

Samarbeid

Vi samarbeider med ulike instansar som Nav, Brisk, Vekst og Ålesund kommune for å få til gode overgangar til livet etter vidaregåande skole.


Tilrettelagt opplæring finn du på lokasjon Fagerlia.