Studiespesialisering Internasjonal

Likar du tanken på å oppleve nye stader og kulturar, og få internasjonale vener? Studiespesialisering Internasjonal gir deg unike opplevingar og kompetanse, uansett vidare studier og arbeid. Opplev verda og få eit internasjonalt perspektiv! 

Utveksling og gjenbesøk

Utveksling gir ei heilt spesiell innsikt i samfunn, kultur og språk, som du ikkje får oppleve på andre typar reiser. Elevane våre blir godt kjende med kvarandre og lærarane sine både før, under og etter reisa. På utveksling skal du bo hos ein familie i utlandet, med ein ungdom på same alder og med like interesser som deg, og sjølv vere vertsfamilie når vi får besøk. Vi har stort sett felles aktivitetar på utvekslinga og gjenbesøket, og elevane får vere med å utforme programmet. Det er både fagleg og sosialt! Slik blir ein godt kjend og kan knyte venskap for livet. Skolen har gode samarbeidsavtalar med våre partnarar i utlandet. Utvekslingane og gjenbesøka finansierast gjennom Erasmus + og er med det gratis for elevane. 

På vg1 drar vi på utveksling til Hamburg og Stade i Tyskland, vanlegvis i november eller desember, og vi får besøk her av våre tyske vener ei veke på våren. Utvekslinga og gjenbesøket varer begge ca 5 dagar. 
 
På vg2 drar vi på utveksling til Budapest i Ungarn, vanlegvis i november eller desember, med gjenbesøk i mars eller april. Utvekslinga og gjenbesøket varer begge ca 7 dagar.

 

Internship 

På vg3 er elevane på internship i bedrifter eller organisasjonar med internasjonal aktivitet. Dette kan vere i regionen vår, andre stader i Noreg eller i eit anna land. Vi samarbeider med Ungt Entreprenørskap om dette, og har mellom anna ein heil dag med tverrfagleg innovasjonscamp. Hensikta med internship er å få bedre forståing for verkelege arbeidsprosessar, utfordringar og moglegheiter – samt å øve på å bruke teoretisk kunnskap i praktiske samanhengar. I tillegg får elevane betre kjennskap til arbeidsmarknaden i vår region og får knyte spennande kontakter for framtida. 

Språk og kulturkompetanse

Studiespesialisering internasjonal gir deg alle valgmoglegheiter med fag. I nokre fellesfag, for eksempel historie, kan delar av undervisinga vere på engelsk, men du kan velje å bli vurdert på norsk. Delvis tospråkleg undervising gjer deg betre studieførebudd fordi dei fleste høgare utdanningar i dag har stort innslag av engelsk. I tillegg er engelsk arbeidsspråk i utvekslingsprosjekta. Tema for utveksling kan variere mellom berekraft, demokrati, ungdom sitt engasjement og deltaking i ulike land, likheiter og forskjellar i kulturar og kor viktig det er med språk og kommunikasjon for å løyse felles utfordringar. 

Unike opplevingar saman

Mykje av læringsarbeidet vil skje på alternative læringsarenaer. Vi samarbeider tett med internasjonale partnarar, Ungt Entreprenørskap og lokalt og regionalt næringsliv. Vi er også ein del av Campus Ålesund. Elevane har nokre felles aktivitetar på tvers av klassetrinna, og miljøet på internasjonal er kjent for å vere godt. Studiespesialisering internasjonal gir deg noko anna, med spennande avbrekk i det vanlege, og noko ekstra kjekt å glede seg til. Aktivitetane våre er gratis. 

Studiespesialisering internasjonal har eigen søkekode, og elevane går i same klasse alle tre åra. Du kan velje mellom alle programfaga innan realfag og språk, samfunnsfag og økonomi, og få både generell og spesiell studiekompetanse. Studiespesialisering internasjonal finn du på lokasjon Fagerlia. 

Velg studiespesialisering internasjonal for å lære meir om verda, om deg sjølv og andre. Du får innsikt i ulike kulturar og internasjonale forhald, du blir tryggare i språk og du blir meir sjølvstendig. Dette gir deg mange fordelar i vidare studier og arbeid!  

Elevar forteller om eigne erfaringar

Her kan du sjå Maciek og Matas fortelle om sine opplevingar.

Oversikt over valfrie programfag


Studiespesialisering Internasjonal finn du på lokasjon Fagerlia.