Studiespesialisering Internasjonal

Likar du tanken på å oppleve nye stader og kulturar, og få internasjonale vener? Studiespesialisering Internasjonal gir deg unike opplevingar og kompetanse, uansett vidare studier og arbeid. Opplev verda og få eit internasjonalt perspektiv!

Utveksling og hospitering

Utveksling gir ei heilt spesiell innsikt i samfunn, kultur og språk, som du ikkje får oppleve på andre typar reiser. På utveksling skal du bo hos ein familie i utlandet, med ein ungdom på same alder som deg, og sjølv vere vertsfamilie når vi får besøk. Slik blir ein godt kjend og kan knyte venskap for livet. Skolen har gode samarbeidsavtalar med våre partnarar i utlandet, og utvekslingane finansierast gjennom Erasmus +.

På vg1 drar vi på utveksling til Stade i Tyskland, vanlegvis i november eller desember, og vi får besøk her av våre tyske vener ei veke på våren. Utvekslinga varer ca 5 dagar.

På vg2 drar vi på utveksling til Budapest i Ungarn. Utvekslinga varar ca 7 dagar og er vanlegvis i november, med gjenbesøk i mars eller april.

På vg3 er elevane på hospitering i bedrifter eller organisasjonar med internasjonal aktivitet. Hospiteringa kan vere i Noreg eller i eit anna land, og skjer i løpet av ei veke på hausten. Vi samarbeider med Ungt Entreprenørskap om dette, og har mellom anna ein heil dag med innovasjonscamp.

Elevar på studietur - Klikk for stort bilete

Språk og kulturkompetanse

Studiespesialisering internasjonal gir deg alle valgmoglegheiter med fag. I nokre fellesfag, for eksempel historie, kan delar av undervisinga vere på engelsk, men du kan velje å bli vurdert på norsk. Delvis tospråkleg undervising gjer deg betre studieførebudd fordi dei fleste høgare utdanningar i dag har stort innslag av engelsk. I tillegg er engelsk arbeidsspråk i utvekslingsprosjekta. Tema for utveksling kan variere mellom berekraft, demokrati, ungdom sitt engasjement og deltaking i ulike land, likheiter og forskjellar i kulturar og kor viktig det er med språk og kommunikasjon for å løyse felles utfordringar.

Unike opplevingar saman

Mykje av læringsarbeidet vil skje på alternative læringsarenaer. Vi samarbeider tett med internasjonale partnarar, Framtidslaben, Ungt Entreprenørskap og lokalt og regionalt næringsliv. Vi har nokre felles aktivitetar på tvers av klassetrinna, og miljøet på internasjonal er kjent for å vere godt.

Studiespesialisering internasjonal har eigen søkekode, og elevane går i same klasse alle tre åra. Du kan velje programfag innan realfag og språk, samfunnsfag og økonomi, og få både generell og spesiell studiekompetanse. Studiespesialisering internasjonal finn du på lokasjon Fagerlia.

Velg studiespesialisering internasjonal for å lære meir om verda, om deg sjølv og andre. Du får innsikt i ulike kulturar og internasjonale forhald, du blir tryggare i språk og du blir meir sjølvstendig. Dette gir deg mange fordelar i vidare studier og arbeid.  

Oversikt over valfrie programfag


Studiespesialisering Internasjonal finn du på lokasjon Fagerlia.