Studiespesialisering

Vil du ha alle moglegheiter opne etter vidaregåande? Då vel du studiespesialisering (ST). Vi tilbyr dei fleste programfaga – du finn garantert noko som passar deg. 

Stor valfridom

Studiespesialisering gir deg stor valfridom. På vg1 vel du framandspråk (spansk, tysk og fransk) og matematikk (1p og 1t). På vg2 vel du fordjuping innan språk, samfunnsfag og økonomi, eller realfag.  

Campus Ålesund

Den unike plasseringa vår på Campus Ålesund gjer vegen kort til samarbeid med både universitet (NTNU) og dei mange andre kunnskapsmiljøa på Campus. Du får relevant undervisning, som gjer deg studieførebudd og gir deg innsikt i behovet til det lokale næringslivet. 

Mangfaldig og inkluderande skulemiljø

Studiespesialisering er det største programområdet på skulen. Saman med dei andre programområda skaper dette eit stort mangfald med plass til alle. Vi har store fagmiljø med dyktige lærarar som ser deg, støttar deg og hjelper deg. 

Bilde av elevar ved ein skrivepult - Klikk for stort bilete

 

Her finn du meir informasjon om studiespesialisering