
Variert, praktisk og relevant
På sal, service og reiseliv får du ein variert skolekvardag der du lærer gjennom praktiske prosjekt og arbeidspraksis ein dag i veka. Du møter mange ulike menneske, får erfaring med service og kundebehandling og å skape gode kundeopplevelsar.
Det er spesielt lærerikt med ungdomsbedrift. Ved å starte og drive eigen bedrift får elevane bruk for mykje av det dei lærer i ulike fag, om forretningsdrift, kultur og samhandling, markedsføring og innovasjon.
Utdanninga gir også moglegheit for arbeidspraksis på Gran Canaria eller i ei lærebedrift.
Vegar vidare
På vg2 veljer du sal og reiseliv eller service, sikkerheit og administrasjon. Etter det ventar ei spennande læretid innan det feltet du vil satse på, som sal, reiseliv, administrasjon eller i sikkerheitsbransjen.
Her finn du meir informasjon om Sal, service og reiseliv
Sal, service og reiseliv finn du på lokasjon Volsdalsberga.