
Generell studiekompetanse
Påbygging gir deg dei nødvendige faga for å oppnå generell studiekompetanse. Du får undervisning i fag som norsk, matematikk, naturfag, historie og kroppsøving, pluss valfrie programfag.
Du byggjer vidare på den kompetansen du allereie har frå yrkesfag, samtidig som du får fagleg støtte og rettleiing til å meistre dei teoretiske krava.
Har du yrkeskompetanse?
Vi tilbyr også 4pb – påbygging for vaksne med yrkeskompetanse. Dette er eit tilbod for deg som har fagbrev eller tilsvarande, og ønskjer generell studiekompetanse for vidare utdanning. Her får du færre undervisningstimar i veka og høve til å kombinere skule med jobb eller andre forpliktingar.
Begge påbyggingstilboda krev motivasjon og innsats, men gir verdifull kompetanse og fleksibilitet for framtida.
Her finn du meir informasjon om påbygging til generell studiekompetanse
Påbygging til generell studiekompetanse vg3 finn du på lokasjon Fagerlia.
Påbygging vg4 finn du på lokasjon Volsdalsberga.