
Båten, verkstaden og fiskehallen
Skoledagen er fylt med praktiske oppgåver der lærarane flettar teori inn i arbeidet om bord i båtane våre, på verkstaden og i fiskehallen.
På NA får du brei og praktisk opplæring innan akvakultur, fiske og fangst. Alle elevane er i arbeidspraksis i fire veker samanhengande, anten på oppdrettsanlegg eller på fiskebåt.
Skoleåret 2026-2027 får vi også levert eit nytt undervisingsfartøy. Dette kjem i tillegg til dei to båtane vi har fra før.
Vegar vidare
På vg2 kan du velje mellom akvakultur og fiske og fangst. Etter ei spennande læretid ventar arbeid som fiskar eller fagarbeidar i akvakultur.
Her finn du meir informasjon om Naturbruk
Naturbruk finn du på lokasjon Volsdalsberga.