
Meistring både på scena og i livet
Som elev på musikk, dans eller drama får du utvikle deg både fagleg og personleg. Gjennom sceniske uttrykk som musikk, teater og dans får du oppleve meistring, bygge tryggleik og styrke sjølvinnsikta. Du lærer å stå stødig – både på scena og i livet.
Praktisk læring og kreativ utfolding
Basert på kva for ei av linjene du har valt, får du opplæring i instrument og samspel (musikk), teaterformidling (drama) og ulike dansestilar (dans). Vi jobbar med samarbeid, energi og å vere til stades i det som skjer, og du får bruke kroppen, stemma og tankane aktivt i undervisinga. Her er det rom for både disiplin og kreativitet.
Eit springbrett for framtida
Studieprogrammet gir deg verdifulle ferdigheiter som kommunikasjon, sjølvdisiplin og mot. Anten du vil vidare innan scenekunst, pedagogikk, psykologi eller heilt andre retningar, gir musikk, dans og drama eit solid grunnlag – og minner for livet.
Her finn du meir informasjon om Musikk, dans og drama
Musikk, dans og drama finn du på lokasjon Fagerlia.