
Visuelle uttrykk som set spor
På kunst, design og arkitektur får du utforske visuelle uttrykk som set spor. Du lærer å gå fra idé til ferdig produkt, og får jobbe med teikning, design, arkitektur og formgiving. Her får du bruke både hovudet og hendene – og utvikle din eigen stemme når du skapar.
Kreativ tenking og praktisk arbeid
Gjennom prosjekt og oppgaver trenar du på å sjå nye løysingar og perspektiv. Du lærer å formidle bodskap som engasjerer, og får innsikt i korleis visuell kommunikasjon påverkar menneske og samfunn. Vi jobbar med både tradisjonelle teknikkar og digitale verktøy.
Eit springbrett for framtida
Kunst, design og arkitektur gir deg eit solid grunnlag for vidare studier innan kunst, design, arkitektur og visuell kommunikasjon – eller andre fag der kreativitet og problemløysing er viktig. Du får erfaring, sjølvtillit og ein portefølje du kan vere stolt av.
Her finn du meir informasjon om Kunst, design og arkitektur
Studieretning Kunst, design og arkitektur finn du på lokasjon Fagerlia.