Informasjonsteknologi og medieproduksjon

På informasjonsteknologi og medieproduksjon (IM) får du ein variert og spennande skolekvardag der du lærer å forstå korleis teknologi, design og kommunikasjon utviklar samfunnet vårt.

Elevar ved Informasjonsteknologi og medieproduksjon - Klikk for stort bilete


Digitalt innhald

Du lærer å produsere digitalt innhald gjennom film, foto og lyd, og du får lage grafiske produkt for ulike medium. I tillegg lærer du å utvikle tekniske ferdigheiter, skrive kodar og løyse problem saman med andre.

Mykje praksis

Teori og praksis blir knytta tett saman i undervisinga, og du får praksis i ei bedrift gjennom skoleåret. Slik erfarer du tidleg korleis det er å jobbe med IT eller media.

Vegar vidare

På vg2 du veljer du informasjonsteknologi eller medieproduksjon. Etter læretida kan du for eksempel bli IT-utviklar eller IT-driftsteknikar, mediedesignar, medieteknikar eller produsent.
 

Her finn du meir informasjon om Informasjonsteknologi og medieproduksjon

Informasjonsteknologi og medieproduksjon finn du på lokasjon Volsdalsberga.