Helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag (HO) er porten til nokre av dei viktigaste yrka i verda. Med hjarte for mennesket, utdannar vi framtidas fagarbeidarar innan helse og oppvekst.

To elevar frå Helse- og oppvekstfag - Klikk for stort bilete

Praksisnær opplæring

Undervisinga på helse- og oppvekstfag er praksisnær fra start til slutt. Teori knyttast til praksis, og du får trene opp ferdigheiter i realistiske situasjonar både på skolen og ute i praksisperiodar. Vi har mange spennande samarbeidspartnarar i regionen.

Livsviktig kompetanse

Når vi har med folk å gjere, spesielt i sårbare og livsviktige situasjonar, er det heilt avgjerende at elevane har god relasjonell kompetanse og gode verdiar. Det har vi mykje fokus på i opplæringa.

Vegen vidare

Ålesund vgs har tre vg2-løp: Ambulansefag (det einaste tilbodet i fylket), barne- og ungdomsarbeidarfag, og helsearbeidarfag. Behovet for fagarbeidarar er stort, spesielt for helsefagarbeidarar, og vi oppfordrar elevane til å søke læreplass og ta fagbrev.

Her finn du meir informasjon om helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag finn du på lokasjon Volsdalsberga.