Litt forenkla kan vi seie at historia til Ålesund videregående skole er historia til desse fire skolane, som steg for steg blir til éin skole:
- Ålesund Gymnas (blir Fagerlia vgs AF)
- Ålesund husmorskole (blir Fagerlia vgs HH, HF og estetiske fag)
- Ålesund handelsskole (blir Ålesund vgs)
- Ålesund maritime skole (blir Ålesund vgs)
Ålesund Gymnas

Aalesund Lærd og Realskole starta opp i Kirkegata (Latinskolen) i 1864. Skolen fekk namnet Ålesund Gymnas i 1869. Bygget brann ned i bybrannen i 1904, før nye Latinskolen i Øwregata stod klar i 1907. Bygget ned mot Kirkegata kom i 1923.
Skolen fekk namnet Ålesund offentlige høyere allmennskole i 1935, før skolen igjen blei Ålesund Gymnas. På folkemunnet har skolebygget på Aspøya heilt til i dag vore kalla Latinskolen.
I 1973 flytta Ålesund Gymnas frå Latinskolen til nybygg i Fagerlia. I 1980 fekk skolen namnet Fagerlia videregående skole AF (allmennfag).
Ålesund husmorskole
Ålesund kommunale husmorskole starta i 1935. Skolen endra namn til Ålesund fagskole for husstell.
I 1977 flytta husmorskolen inn i nybygg på Fagerlia, og blei i 1979 til Fagerlia videregående skole HH, HF og estetiske fag.
Skolen fekk tilbod innan musikk og dans i 1992. Med Reform-94 fekk skolen utdanningsprogrammet musikk, dans og drama.
I 2001 blei dei to vidaregåande skolane vegg i vegg på Fagerlia slått saman til Fagerlia videregående skole.
Ålesund handelsskole
Det har vore fleire handelsskolar i Ålesund, offentlege og private.
Då Ålesund Gymnas flytta til Fagerlia i 1973 flytta Ålesund handelsgymnas og Ålesund handelsskole inn i Latinskolen på Aspøya. Skolen blei til Ålesund videregående skole, framleis Latinskolen på folkemunnet.
Ålesund maritime skole
Det starta allereie i 1907 med Navigasjonsskole for fiskere, etterfulgt av Ålesund maskinistskole i 1916 og Ålesund sjømannsskole i 1918. Med Ålesund navigasjonsskole i 1923 blei skolane samla.
I 1974 blei Ålesund maritime skole etablert i nye lokaler på Volsdalsberga.
Ålesund maritime skole blei slått saman med Ålesund videregående skole i 2006. Etter dette har Ålesund videregående skole hatt tilbod både på Latinskolen og på Volsdalsberga.
Ålesund videregående skole
I 2021 blei alle desse trådane samla, ved at Fagerlia videregående skole og Ålesund videregående blei slått saman. Etter ein periode med det mellombelse namnet Fagerlia-Ålesund videregående skole, fekk skolen namnet Ålesund videregående skole ved politisk vedtak i Utdannings- og kompetanseutvalet 07.10.2021.
Hausten 2024 flytta Ålesund vgs ut av Latinskolen. Idrettsfag flytta til Spjelkavik vgs, og tilboda ved Ålesund vgs blei samla ved lokalitetane på Volsdalsberga og i Fagerlia/Campus Ålesund.