Til stades:
Ole Reinlund, rektor
Sissel Standal, Framtidslaben
Sonja Gangstad, ass. rektor for studieførebuande
Eyvinn Solberg, tillitsvald for Utdanningsforbundet
Amalie Reiten, ny elevrådsleiar på Volsdalsberga
Stian Rekdal, elevrådsleiar på Fagerlia
Kai Vestre, næringsliv/forelder (NMK/Campus)
Margritt Jarlsdotter Grimstad, almennlærar på Kolvikbakken
Synnøve Hole, ny foreldrerepresentant
Til dagsorden:
Synnøve Hole ber om kortare møte – for eksempel fem kvarter.
Ber også om at referat frå møta blir offentlege. Om det er spesielle innlegg der medlemmer ønskjer at det ikkje skal referatførast, må dette varslast tydeleg.
Vedtak: Utvalet er samde om at ein set møtetida til fem kvarter, og at dette blir innført frå neste møte. Semje om at referata kan offentleggjerast, til dømes på nettsida til skolen. I forkant blir forslag til referat sendt rundt til medlemmer med kort frist for korrigering av faktafeil.
Agenda for møtet
- Saker frå sist – rapportering om fråver av lærarar
- Realfagsutfordringar i skolen
- Skolens rolle i satsinga på maritim kompetanseberedskap på Campus
- Resultat frå Elevundersøkinga
Saker frå sist – rapportering om fråver av lærarar
På sist møte ba skuleutvalet om rapportering på kvart møte om vikarsituasjonen:
«Fleire utvalsmedlemmer er opptekne av at elevane må få den undervisninga dei har krav på, og at det ikkje blir gjennomført timar utan å sette inn vikar. Utvalet ber om at saka blir eit fast punkt på møta framover, og at leiinga kartlegg konkret kor mange timar som blir avvikla med lærar, utan lærar og med lærar berre for å setje i gang timen».
Rektor Ole Reinlund seier han har drøfta saka med leiargruppa, og konkluderer med at det er for krevande å levere ein slik rapport. Skolen har ikkje verktøy for å ta ut slike rapportar, og måtte i tilfelle føre eit skuggerekneskap. I ein hektisk arbeidskvardag er det ikkje ønskeleg.
Vedtak: utvalet tek saka til vitande.
Realfagsutfordringar i skolen
Rektor Ole Reinlund orienterte om utfordringa: Vi har over tid erfart nedgang i grunnkompetanse og mindre interesse for realfag generelt og matematikk spesielt. Skolen ved rektor er derfor involvert i eit samarbeid mellom grunnskolen, vgs og NTNU for å vurdere tiltak, både innanfor gjeldande rammer, og i eit lengre perspektiv.
Fleire i utvalet peikar på at dei har registrert det samme, og at det er viktig å arbeide for å endre dette.
Vedtak: utvalet tek saka til vitande.
Skolens rolle i satsinga på maritim kompetanseberedskap på Campus
Orientering ved Ole Reinlund og Kaj Vestre: I følge Forsvaret sin langtidsplan som Stortinget vedtok i fjor skal det byggjast 28 nye skip og skje ei oppbemanning med minst 1300 nye sjøfolk dei neste åra.
Det kan raskt bli behov for endå fleire. Dette er den største oppbemanninga i sektoren nokon gong.
Det betyr at det er eit stort utdanningsbehov framover, og Ålesund er i ei særstilling med kompetansemiljøet på Campus. Her kan mange av desse utdannast.
Også Ålesund vgs bør delta i utdanninga av desse. Skulen bør snarast få avklart om Forsvaret kan love fleire lærlingplassar, og deretter setje opp fleire klasser i maritime fag. Dette vil det bli behov for.
Det er allereie sett i gang eit samarbeid mellom Campus, NTNU, næringslivet og Ålesund/Borgund vgs. Målet er å utdanne fleire til dei maritime næringane framover.
Vedtak: utvalet tar saka til vitande.
Resultat frå Elevundersøkinga
Orientering ved Ole Reinlund: Resultat kom frå Udir i går til internt bruk. Dette blir offentleg 13.1, utan anledning til å dele noko før det.
Det er dessutan ein større jobb å analysere resultatet. Dette blir no lagt inn lokalt i ei plattform som gjer både deling og analyse lettare. Dette er ikkje klart før tysdag.
Skoleutvalet responderer på framlagt resultat og gir innspel både på resultatet og det vidare arbeidet med dette.
Resultata er grovt sett omtrent som før og ligg rundt 4 på dei aller fleste indikatorar, der 5 er best og 1 er dårlegast. Det samla resultatet viser at høgste score for skolen er på 4,1 på alle trinn (trivsel) og lågaste er 3,2 på 3. trinn (vurdering for læring). Vurdering for læring kan enklast oversetjast med i kor stor grad elevane opplever at dei får tilbakemeldingar langsmed frå lærarar som gjer at dei lærer betre.
For første gang ser ein av 1. vgs ligg noko bak landssnittet for 1. vgs. Dette er nytt.
Ein veit ikkje kva det inneber eller kva som er årsaka til resultatet, og skuleleiinga står midt i arbeidet med å analysere og bearbeide talmaterialet.
Skolen har resultat på klassenivå, dei er ikkje offentlege, men blir lagt fram i leiargruppa og deretter for alle lærarane. Avdelingsleiarar som har større utfordringar enn andre, må jobbe særskilt med sine klasser, og vil få hjelp til å følgje opp funna. Dei peikar gjerne på at til dømes manglande motivasjon hos elevar som ikkje kom inn på førstevalet sitt, slår negativt ut. Det er jamnt over dårlegare resultat på nokre utdanningsval.
Analyseverktøya er ikkje like presise som før.
Når det gjeld mobbing, viser resultata nedgang på 1. og 2. trinn, ein svak oppgang på 3. trinn. Frå utvalet si side blir det peika på den dårlege økonomien i fylkeskommunen. Dette har ført til manglande økonomi til psykososialt arbeid, mindre støtte rundt elevane m.m. Dette vil kunne føre til større utfordringar med mobbing.
Vedtak: Utvalet tek saka til vitande.
Neste møte i skoleutvalet
Neste møte blir måndag 5. mai kl. 14.30-15.45.
Synnøve Hole, referent