Velkommen til Ålesund vgs

Ålesund vgs er ein kombinert studieførebuande og yrkesfagleg skole, med rundt 1300 elevar og eit stort mangfald av tilbod og elevar. 

Elevar ved skolebygg - Klikk for stort bileteElevar fra Ålesund videregående skole



 

Visjonen vår er “Mangfald, meistring og moglegheiter - saman utviklar vi kompatense for framtida”. Dette betyr at vi gjer kva vi kan for at:

  • Heile det store mangfaldet av elevar hos oss skal få trua på at dei kan, og dei skal erfare meistring.
  • Kvar enkelt elev skal sjå og erfare at dei har moglegheiter på skolen, utanfor skolen og i livet.
  • Elevane skal vere deltakande i ei opplæring som er relevant inn i ei spennande og ukjend framtid.
     

Velkommen til Ålesund videregående skole! Vi er byskolen i Ålesund, lokalisert på Campus Ålesund og på Volsdalsberga. Her finn du oss. 

Vi har desse studieførebuande tilboda:

  • Studiespesialisering
  • Studiespesialisering - forskarlinja
  • Studiespesialisering - internasjonal
  • Kunst, design og arkitektur
  • Musikk, dans og drama
  • Påbygging til generell studiekompetanse

Vi har desse yrkesfaglege utdanningsprogramma:

  • Helse- og oppvekstfag
    • Vg2: Ambulansefag
    • Vg2: Barne- og ungdomsarbeidarfag
    • Vg2: Helsearbeidarfag
  • Informasjonsteknologi og medieproduksjon
    • Vg2: Informasjonsteknologi
    • V2: Medieproduksjon
  • Naturbruk
    • Vg2: Akvakultur
    • Vg2: Fiske og fangst
  • Teknologi- og industrifag
    • Vg2: Kjemiprosess- og laboratoriefag
    • Vg2: Maritime fag
  • Sal, service og reiseliv


Les meir om utdanningsprogramma her.