VG1 teknologi- og industrifag
Utstyr du må ordne sjølv
Utstyrspakke
Skolen kjøper inn ei samla utstyrspakke som elevane kjøper etter skolestart i samråd med faglærar.
Pris: ca. 2 850 kr inkl. materialkostnader
- Arbeidsklede
- Vernesko
- Verneutstyr (briller, øyreproppar, hanskar)
- Måleverktøy (meterstokk, skyvelære, multimeter)
- Rissenål
- Kalkulator
- Skrivesaker
- Eigenandel for materiell til elevprodukt
VG2 maritime fag
Utstyret under er eleven sin eigedom, men kjøpast inn i samråd med faglærar.
Pris: ca. 2 000 kr. Eigenandel for materiell: ca. 300 kr.
- Minnepenn 4 GB
- Ringperm med skilleark
- Skrivesaker
- Vernesko
- Vernebriller
- Arbeidshanskar
- Hengelås med kodelås til garderobeskap (165/40)
- Arbeidsklede kjøpast etter skolestart i samråd med faglærar
- For matrosfaget: navigasjonspassar og parallellforskyver
Viktig å vite
- Utstyr og klede må behandlast skikkeleg
- Det er ikkje lov å skrive eller teikne på arbeidsklede
- Tapt eller øydelagt utstyr må erstattast av eleven
Stipend
Du kan søkje om utstyrsstipend frå Lånekassen for å dekke kostnadene. Ordninga er for deg som er under 21 år og utan studie- eller yrkeskompetanse.