Lokal venteliste for skoleplass utanom ordinært inntak

Lokal venteliste er for deg som ikkje har søkt skoleplass i hovudopptaket, eller ønskjer å gjere omval. 

Slik går du fram

For å stå på venteliste hos oss må du fylle ut og sende inn skjema under.  

Du brurkar skjema for studieførebuande utdanningsprogram for å søke:

  • Musikk, dans og drama
  • Kunst, design og arkitektur
  • Studiespesialiserande
  • Påbygg til generell studiekompetanse

Skjema for studieførebuande utdanningsprogram 

Du brukar skjema for yrkesfaglege utdanningsprogram for å søke eitt av våre yrkesfaglege utdanningsprogram:

Skjema for yrkesfaglege utdanningsprogram  

Svar på søknad

Elevar som får tilbod om skoleplass kan forvente å bli kontakta etter skolestart i august. Dersom det framleis er ledig skoleplass etter at alle prioriterte søkjarar har fått tilbod, kan det vere aktuelt å ta inn søkjarar frå lokal venteliste. Elevar som får tilbod om skoleplass, blir kontakta av skolen.