Kva gjer du dersom du blir skadd?
Meld frå til læraren din eller ein annan tilsett med ein gong.
Skademelding
Skolen har ansvar for å sende skademelding til NAV dersom skaden fell inn under ordninga for elevulykker. Ei elevulykke er ein personskade som skjer i undervisninga, i praksis eller under aktivitetar i regi av skolen. Elevulykker omfattar også skadar som skjer på veg til og frå skolen.
Dette kan til dømes vere:
- Fallskadar, forstuingar og brot
- Kutt- og klemskadar
- Tannskadar
- Hjerneristing og hovudskadar
- Augeskadar
- Brannskadar
Meld frå om alle skadar, også dei som verkar små. Nokre skadar kan gi plager først etter ei tid, og då er det viktig at hendinga er registrert hos NAV.
Ved akutt skade eller alvorleg sjukdom
Dersom du blir akutt skadd eller alvorleg sjuk, sørgjer skolen for at du får nødvendig førstehjelp med ein gong. Vi har låg terskel for å kontakte 113 for råd og rettleiing, og ambulanse blir tilkalla dersom situasjonen blir vurdert som alvorleg.
Vi tek kontakt med føresette så raskt som mogleg dersom du blir alvorleg skadd eller sjuk.
Ved mindre skadar eller sjukdom
Dersom skaden eller sjukdommen ikkje er akutt, vil skolen som hovudregel kontakte føresette først. Føresette kan då hjelpe deg vidare til lege ved behov.
Dersom du treng rask legetilsyn, kan tilsette ved skolen følgje deg til lege eller legevakt. Kven som følgjer deg, blir vurdert ut frå situasjonen.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med læraren din, avdelingsleiaren eller resepsjonen dersom du er usikker på kva du skal gjere etter ei ulykke eller ein skade.