Psykologspesialist Line Marie Warholm kjem til skolen for å delta på foreldreseminar 27. januar kl. 19.00.
Temaet er: Livet er ikkje ein dans på roser – Korleis rustar vi ungdommane til å tole det livet har å by på?
Seminaret er gratis, og invitasjonen gjeld alle foreldre til elevar ved Ålesund vgs. Link til påmelding nede i saka.
Robuste ungdomar
Vi støttar, stimulerer og hjelper barna. Vi lyttar og forstår. Vi vil deira aller beste, og gir dei ikkje berre det dei treng, men og det dei ønskjer seg. For vi vil jo at barna skal vere fornøgde med oss.
I vår iver etter å beskytte barna mot ubehag og motstand skaper vi kanskje ein generasjon som ikkje står så godt rusta til å tole opp- og nedturane i livet. Vi må la dei få øving i både å meistre og mislykkast. Derfor må vi våge å stille krav og setje grenser. Vi må tole at dei gjer opprør, og at dei har vanskelege følelsar.
For kva er eigentleg psykisk uhelse og kva er naturlege følelsesutbrott? For at barna skal få øve på å tåle følelsane sine, må vi vaksne tole våre. Vi må la dei få utforske verda og gå litt på trynet – heilt i fred.
Om Line Marie Warholm
Line Marie Warholm er psykologspesialist og psykoanalytikar. Ho er fast spaltist i Aftenposten og har blant anna skrive bøkene «Foreldrerevolusjonen», «Robuste barn. Fra ofre til sosiale superhelter» og «Robuste foreldre. Hvordan tåle barnets følelser – og dine egne».
Warholm har bakgrunn frå barne- og ungdomspsykiatrien og familievernet, frå psykisk helsevern for vaksne og sikkerheitspsykiatri, frå privat praksis og frå arbeid som fagkyndig meddommar i tingretten.

Påmelding
Vi har plass til mange i den vakre aulaen ved skolen, men her er dessverre ikkje plass til alle. Derfor er det påmelding og første mann til mølla.
Meld deg på her: Påmelding til foreldreseminar med Line Marie Warholm ved Ålesund vgs 27.1 kl. 19.00-20.30 – Fyll ut skjemaet