Reglar for skriftleg eksamen

Alle som skal ta eksamen, må lese eksamensreglementet i god tid før eksamen. Dette gjeld for alle som skal ta skriftleg eksamen ved Ålesund videregående skole.

Oppmøte

  • Møt ved eksamenslokalet seinast 30 minutt før eksamen startar

Sjukdom

  • Viss du blir sjuk, kontakt skolen med ein gong.
  • Har du dokumentasjon på sjukdom (t.d. legeerklæring), kan du ta ny eksamen neste eksamensperiode. Du må vanlegvis sende inn dokumentasjonen innan ei veke.

Legitimasjon

  • Du må vise gyldig ID med bilete før eksamen startar.

I eksamenslokalet

  • Du blir registrert og får passord og informasjon når du kjem inn.
  • Sit på plassen din. Ikkje flytt deg eller gå ut utan løyve frå vakta.
  • Vaktene kan sjekke at du berre har lovlege hjelpemiddel.
  • Mobiltelefon skal vere avslått og liggje i veska.
  • Vesker og liknande skal leverast inn.
  • Du kan ikkje snakke med andre under eksamen. Treng du hjelp, rekk opp handa og vent på vakta.

Eksamensoppgåve

  • Sjekk at du har fått rett eksamensoppgåve.

Headset

  • Du kan bruke headset, men det må vere kopla til PC'en med kabel, ikkje trådlaust.
  • Du kan ikkje bruke Bluetooth eller andre trådlause funksjonar.
  • Dersom lyden forstyrrar andre, må du skru lyden ned.
  • Følgjer du ikkje reglane, kan vakta ta headsetet frå deg.