Bestill vitnemål/kompetansebevis
Årets vitnemål blir sende heim i posten etter skuleslutt. Her finn du kort informasjon om vitnemål, kompetansebevis og korleis du bestiller dersom du er privatist eller tidlegare elev.
- Vitnemål: Du har fullført og bestått vidaregåande opplæring.
- Kompetansebevis: Du har fullført nokre fag, men ikkje heile løpet.
Slik bestiller du
- Har du tatt privatisteksamen og treng kompetansebevis eller vitnemål: fyll ut skjemaet nederst på sida.
- Har du gått på ein annan vidaregåande skule: ta kontakt med den siste skulen du gjekk på.
Privatistar
Du treng ikkje bestille kompetansebevis dersom:
- du har vore elev på ein offentleg skule i Møre og Romsdal, og vil ha privatistekarakterane inn på vitnemålet ditt – då kontaktar du den gamle skulen din.
- du skal ta fleire privatisteksamenar og vil samle alt på eitt bevis seinare.
Du treng kompetansebevis dersom:
- du har vitnemål frå privatskule eller frå eit anna fylke og vil føre privatistekarakterar inn.
- du skal sende inn karakterar til Samordna opptak som ikkje skal stå på vitnemålet ditt.
Kopi av vitnemål for tidlegare elevar
Dersom du allereie har slutta og treng kopi, oppdatert eller omsett vitnemål, kan du bestille det via skjemaet.
(Dette gjeld ikkje for årets avgangselevar.)
Klikk her for å bestille vitnemål eller kompetansebevis