Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Vi opnar opp skolen igjen

Vi opnar opp skolen igjen

Vi er svært glade for at regjeringa har gitt oss klarsignal om at vi no kan opne opp skolen for fleire elevar! I løpet av neste veke (11.-15. mai) skal alle elevane våre ha vore innom skolen igjen.

Det blir bra med elevar i klasseromma igjen.

Elevane på yrkesfag Vg2 og Vg3 starta med oppmøte på skolen i programfaga for to veker sidan, og det har gått veldig fint. No opnar vi opp for alle.  

Ikkje heile veka på skolen

Det blir ikkje full oppstart med fysisk oppmøte for alle kvar dag, men nokre dagar på skolen og nokre dagar heime med læring via digitale flater.

Måndag 11. mai møter berre elevane på yrkesfag Vg2 og Vg3, men frå og med tysdag 12. mai tar vi imot fleire elevar. Sjekk timeplanen i WebUntis frå veke til veke.

Tiltak for å redusere smittefare

Til grunn for all aktivitet på skolen ligg den nye nasjonale smittevernrettleiaren. Alle elevar og tilsette må etterleve denne.

I tillegg har skolen laga eit eige skriv med smitteverninformasjon som alle skal ha lest. Lenkje til denne blir sendt til kvar enkelt elev via kontaktlærar. 

Grunnpilarane for å bremse smittespreiing er i prioritert rekkefølge:

  1. Sjuke personar skal ikkje vere i på skolen
  2. God hygiene, vask hendene ofte og grundig etc.
  3. Redusert kontakthyppigheit mellom personar

Det viktigaste konkrete tiltaket vi har er å sjå til at vi har minst 1 meter avstand mellom oss. Det må alle ta eit særleg ansvar for å få til. Dette gjeld både i klasserom, verkstader og fellesareal.

Plakat

Vi har elles ei rekkje med tiltak, som f.eks. at toaletta er merka med kva elevgruppe som skal bruke kva toalett. Les meir om tiltaka i skolens smitteverninformasjon.

Vi gler oss

Først og fremst gler vi oss til å sjå kvarandre igjen og vere saman på skolen denne siste månaden før sommarferien.

Alle har no moglegheiten til gjere ein ekstra innsats for å kome i mål med eit resultat som kvar enkelt er nøgd med, og som gir eleven høve til å kome vidare til neste trinn. Fullført i alle fag er derfor veldig viktig. Uansett er det godt å kunne seie til seg sjølv at innspurten var bra, og at ein har fått vist kva ein kan.