Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Velkommen til orienteringsmøte Vg1

Velkommen til orienteringsmøte Vg1

Endeleg er vi i gong med skoleåret! Ekstra kjekt er det å ta imot nye Vg1-elevar. Mykje er nytt både for elevar og føresette, og vi inviterer derfor til eit tidleg orienteringsmøte for både elevar og føresette.

På orienteringsmøtet vil vi gi generell informasjon om skolen, og konkret om organisering av skoleåret, fråværsreglement, foreldrepålogging i Skolearena og om foreldresamarbeid med meire. For elevane på MK, ID og ST vil vi også orientere og svare på spørsmål om dei ulike vala av 2. framandspråk og matematikk, som elevane allereie har gjort. 

Ålesund vgs har to lokalitetar. Legg derfor merke til både tidspunkt og lokalitet for orienteringsmøtet: 

  • Tysdag 27. august kl. 18.00 i auditoriet på Volsdalsberga:
    • Medium og kommunikasjon (MK) 
    • Service og samferdsel (SS) 
    • Naturbruk (NA) 
    • Teknikk og industriell produksjon (TIP)
  • Tysdag 27. august kl. 19.00 i auditoriet på Latinskolen: 
    • Idrettsfag (ID) 
  • Onsdag 28. august kl. 18.00 i auditoriet på Latinskolen:
    • Studiespesialisering (ST)

Etter orienteringsmøtet går elevar og føresette til dei ulike klassane, der kontaktlærarane vil helse på føresette og orientere nærmare om opplegget og timeplanen. 

Velkommen til orienteringsmøte, og til eit nytt skoleår ved Ålesund videregående skole!