Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Slik organiserer vi opplæringa når skolen er stengt

Slik organiserer vi opplæringa når skolen er stengt

Frå og med 13. mars blir det heimekontor for elevar og lærarar. Perioden er per i dag utvida til 13. april. Her forklarer vi korleis læringsarbeidet blir organisert.

Klart for heimekontor for elevar og lærarar. (Foto: Ole Reinlund)

Skolen er stengt frå 13. mars til 13. april, og perioden kan bli yttelegare utvida. Opplæringa held likevel fram ved bruk av ulike digitale læringsplattformer. It's Learning er hovudkanalen for dialog mellom lærar og elev.

Ny timeplan

Vi har laga ein ny og litt spesiell timeplan for denne perioden. Timeplanen er som vanleg publisert i WebUntis og Skolearena. 

Dette er nytt:

  • Kjernetida kvar dag er kl. 9.00-15.00.
  • I løpet av ein dag er det to fagøkter, den første i 2.-3. time; den andre i 5.-6. time, d.v.s. 90 minutt per fagøkt.
  • I løpet av ei veke er det ei fagøkt per fag. Unntak i norsk på Vg3, der det er to fagøkter i løpet av veka.
  • Før, mellom og etter fagøktene er det studietid.
  • Fagdagen går som vanleg, innanfor den nye kjernetida kl. 9.00-15.00.

Ny dagsrytme

Du loggar deg på It's Learning før kl. 9.00, og les kva lærar har lagt ut om opplegget for læringsøkta.

Kl. 9.00 tar lærar kontakt med deg og klassen, sjekkar at du er klar, og startar økta. Ulike lærarar vil bruke ulike digitale plattformer i tillegg til It's Learning. Dette får du beskjed om av lærar. Lærar fører deltaking og fråvær i Skolearena som vanleg.

I tida før, mellom og etter dei timeplanfesta fagøktene har du studietid. Her jobbar du med oppgåver som du har fått av lærarar i ulike fag. Det er mogleg også å ta kontakt med lærar og få rettleiing i studietida.

Oppgåvene blir normalt lagt ut i oppgåveverktøyet i It's Learning. Like eins leverer du inn arbeidet ditt i It's Learning. Du må vere obs på at ein del oppgåver vil ha kort innleveringsfrist. 

Dialog lærar og elev

Kontaktlærar har framleis ansvar for enkelteleven og for klassen. Dei ulike faglærarane har ansvar for sine fag, og har den faglege dialogen med eleven og klassen. It's Learning er hovudkanalen for kontakt mellom elev og lærar.

Digital kompetanse

Denne situasjonen utfordrande oss alle, og det er spennande å vere med på. Vi har aldri gjort dette før, og må rekne med litt kluss langs med. Først og fremst er likevel forventninga at vi alle skal lære mykje, både fagleg og digitalt. Dette er ein moglegheit til å tenkje nytt om læring og løfte den digitale kompetansen vår. 

Vi oppmodar alle til å bruke denne perioden til å bli enda betre på å finne fram og til å bruke It's Learning, Teams og andre digitale plattformer.