Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Skolen er stengt frå og med fredag 13. mars

Skolen er stengt frå og med fredag 13. mars

Fylkeskommunen har vedtatt at alle vidaregåande skolar blir stengt frå og med i morgon, fredag 13. mars og i første omgang i 14 dagar.

Ole Reinlund, kst. rektor

Dette betyr ikkje undervisningsfri. Opplæringa vil i alle fag der dette er mogleg skje ved fjernundervisning. Faglærarane vil ha kontakt med elevane sine digitalt. Meir informasjon om dette kjem.

It's Learning er offisiell kommunikasjonskanal mellom skolen og elevane. Følg med der.

Vi ber alle elevar om å ta nødvendige bøker og andre læremiddel med heim. Det er også mogleg å kome til skolen for å hente bøker.

Skolebygga vil vere opne.