Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Raudt nivå

Raudt nivå etter pinse

Dei vidaregåande skolane i Ålesund er sett på raudt nivå fom. 25. mai.

Raudt nivå betyr mellom anna at vi må ta ned elevtettleiken for å redusere smittefaren. Alle elevar kan dermed ikkje vere på skolen samtidig.

Korleis vi løyser dette med alternerande oppmøte ved ulike tilbod og lokalitetar får kvar enkelt elev melding om på Transponder så raskt dette er klart i løpet av kvelden 24. mai.

Alle tilsette får melding per e-post frå sin avdelingsleiar om korleis opplegget blir frå veke til veke.

I første omgang gjeld raudt nivå til og med 8. juni.