Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Raudt nivå

RAUDT NIVÅ

Kriseleiinga i Ålesund kommune vedtok i dag at dei vidaregåande skolane er på raudt nivå frå og med fredag 26. mars.

Raudt nivå på skolane betyr strengare krav til avstand mellom elevar, og ikkje blanding av elevar på tvers av kohortar. Kvar einskild rektor kan no tilpasse skolekvardagen anten med digital undervisning eller mindre kohortar ut i frå personalsituasjonen, og det kan bety at nokre elevar får heimeskole.

Kvar enkelt elev og klasse har fått eller vil få melding om korleis opplegget blir fredag, om ein skal møte på skolen eller om det blir digital undervisning.

I løpet av påske vil det kome informasjon om korleis situasjonen blir etter påske.

Vi ønskjer alle ei fin og koronafri påske!