Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Open kveld 8. februar

Open kveld 8. februar

Ålesund vgs inviterer foreldre til elevar i 10. trinn ved ungdomsskolane i Ålesund, Giske og Sula til Open kveld onsdag 8. februar.

Elevane ved 10. trinn er sjølvsagt også velkomne til å bli med sine føresette på Open kveld.

Open kveld blir arrangert for at potensielle elevar og deira føresette skal kunne besøkje skolen, helse på nokre av oss som jobbar her, sjå lokalitetane, og ikkje minst få informasjon om skolen og det utdanningsprogrammet dei er interesserte i.

Vi inviterer til Open kveld ved begge lokalitetane våre onsdag 8. februar, til desse klokkesletta:

  • Volsdalsberga kl. 18.00-19.30.
  • Latinskolen kl. 19.00-20.30.

Det er ikkje nødvendig med påmelding til Open kveld, men dei som er sikre på at dei får til å kome kan gjerne sende ein e-post til utviklingsleiar Ole Reinlund (ole.reinlund@mrfylke.no) med beskjed om at dei kjem, og kva utdanningsprogram som er særleg interessant.

Velkommen!