Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Heimeskole måndag 4. januar

Heimeskole måndag 4. januar

Måndag 4. januar er det heimeskole med undervisning på digitale plattformer. Vi følgjer ordinær timeplan. I løpet av måndag kjem det informasjon om kven som skal møte når på skolen, så lenge vi er på raudt nivå. 

Raudt nivå for dei vidaregåande skolane.

Dessverre startar vi det nye året på raudt nivå. Dette gjeld alle vidaregåande skolar i landet, i første omgang fram til 18. januar.

Raudt nivå betyr ikkje at skolen blir stengd, men at vi må ha strengare tiltak for å redusere kontakt og sikre avstand. 

Heimeskole 4. januar

Dei to første skoledagane etter nyttår blir det heimeundervisning for alle elevane. Vi følgjer ordinær timeplan. Elevar og lærarar møtast på Teams. I løpet av måndag kjem det nærmare info om korleis opplegget blir vidare.

Alle elevar er og blir informert via meldingar både i Transponder og på It's Learning.