Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ålesund VGS > NYHETER > Foreldremøter på Vg1

Foreldremøter på Vg1

Vi inviterer med dette føresette til elevar på Vg1 til foreldremøte. På grunn av covid-19-situasjonen ber vi om at berre ein forelder per elev møter, i tillegg til at vi deler opp og arrangerer fleire foreldremøte enn vanleg.

Klasse Tidspunkt Stad
Idrettsfag, føresette til gutar 1ID1/1ID2 20.08. kl. 18.00-19.00 Latinskolen, auditoriet
Idrettsfag ,føresette til jenter 1ID1/1ID2 20.08. kl. 19.00-20.00 Latinskolen, auditoriet
Studiespesialisering, 1ST1 24.08. kl. 18.00-19.00 Latinskolen, auditoriet
Studiespesialisering, 1ST2 24.08. kl. 19.00-20.00 Latinskolen, auditoriet
Naturbruk, 1NA1/1NA2 25.08. kl. 18.00-19.00 Volsdalsberga, auditoriet
IKT og medieproduksjon, 1IM 25.08. kl. 19.00-20.00 Volsdalsberga, auditoriet
Sal, service og reiseliv, 1SR1/1SR2 25.08. kl. 19.00-20.00 Volsdalsberga, auditoriet

 

Vi startar møta med velkommen og orientering ved rektor. Her får du høyre om skolen generelt og om covid-19-situasjonen spesielt. Det blir naturlegvis høve til å stille spørsmål.

 

Vidare vil avdelingsleiar orientere om utdanningsprogrammet der ungdomen din er elev. For eksempel vil vi orientere om fellesfag og obligatoriske programfag som eleven har på timeplanen, og eventuelt fag som han eller ho kan velje. For elevar på ID og ST er det gjerne relevant å høyre og spørje om ulike språk og ulike variantar av matematikk som skolen tilbyr.

 

Til sist vil kontaktlærar gå nærmare inn på opplegget til den aktuelle klassen, både sosiale og faglege opplegg.